Om Brefestivalen

Hjarte på breen

15. - 17. juni 2012 vert det Brefestival i Jostedalen i Luster kommune. Bre, ski, kultur og moro i fire heile dagar. Jostedalen er bygda som no er omringa av Nasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalpark i vest og Breheimen nasjonalpark i aust. I Jostedalen ligg Nigardsbreen som har den lettast tilgjengelege brefronten i Noreg. Bygda er skapt for aktivitet på bre, på fjell, på snø. Kom til Jostedalen og opplev fire dagar med aktivitet og fest.

For påmelding og spørsmål:

tlf 576 83 250

e-post: post @ brefestivalen.no

 

PROGRAM 2012

FREDAG 15. JUNI:

Kl 09

Krundalen rundt på ski.
Skitur rundt fagraste u-dalen i verda, med tindevegleder og krundøl Steinar Bruheim frå Jostedal Breførarlag.
Oppmøte Jostedal Hotell klokka 09.00
Turen startar på Gjerde, så Haugafjellstølen, Hauganosi, Steinmann, Høgste Breakulen, Kvitekulen, Tverranibba, Røykjedalen. Bæring av ski til Haugafjellstølen omlag, og litt bæring ifrå under Røykjedalsstølen. Fjellski, vindtette klede, feller, skismurning etc.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris:300nok

Kl 09

Rednings og oppfriskingskurs brevandring
Som utgangs punkt er dette ein workshop, der opplegget blir til i dialog med deltakarane. Forløpet kunne se ut som følgende:

 

Fyrste dagen bruker me i nedre del av Nigardsbreen, her friskar taulaget opp vegval og taulagsrutinar. Etter lunsj går me gjennom redning med og utan talje, Hjelpetalje-metoden (1:2) som er den redningsmetoden som er mest brukt på brekurs i dag.

Dag to held fram med redning og bygger vidare på hjelpetaljen til (1:6) og ser også på kva taulaget kan gjere når ein skadd person er i sprekka. Me snakkar og litt om den organiserte redningsteneste, kva gjer me om me må flytte ein skada person til ein annen plass på breen?

Overnatting på Bretun - Jostedalen breførarlag sitt kursbygg, Her er det mogeleg å overnatte frå torsdag kveld til søndag.

Kl 19

Velkomen til markeringa ved

Ivar Kvalen – leiar i nasjonalparkstyret og ordførar i Luster

 

Jostedalsbreen nasjonalpark – bruk og vern gjennom 20 år, ved Tom Dybwad tidlegare Nasjonalparkforvaltar og Anne Rudsengen Statens Naturoppsyn Jostedalsbreen.

 

Fotoprosjekt om naturarven Mette F. Reinertsen – rektor ved Jostedal skule – fortel om og presentere fotoprosjekt.

 

Jostedalsbre-kake og kaffi

 

Brevandring på Jostedalsbreen, fra nytteferdsel til friluftsliv.
ved André Horgen Høgskulelektor ved Høgskulen i Telemark.
 

Kl 21.00

Brekviss
På Jostedal hotell med Quizmaster Grov og Quizmaster Bjørhusdal.
Tradisjonell Jostedalsquiz med finurlege spørsmål om stort og smått.

LAURDAG 16.JUNI:

Kl 09
Vangsen spesial, ”Åttetalsturen”.
”Åttetalsturen” med førar Bjørnar Bjørhusdal frå FimbulJostedal. Ein skikøyringstur med to lange oppoverbakkar og ditto nedoverbakkar. Vangsen frå ei ny side.
Utstyr eigna for bratte bakkar, feller, vindtette klede etc.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 300nok

Kl 10

Familierafting på Jostedøla med Elvepurka
Aldersgrense 8 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 300nok

Kl 10

Barneklatring
Klatring og grilling og kos
Klatring i klatrefeltet ved Breheimsenteret.
Aldersgrense 8 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 100nok

Kl 11

Bratt veg opp! Gastrotur med fjellførosof Kåre Øst
Ein tur opp Myrhønna eller Biskehønna - alt etter kvar tilhøva er best.
Ein luftig og bratt tur med noen korte klatrepassasjar, og lunsj.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris:300nok

Kl 14

Rafting
Raftingturen med Elvepurka held fram for dei tøffaste, eller du kan kome på turen her og rafte nedste del av Jostedøla, kanskje Noregs tøffaste rafting?
Aldersgrense 12 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 550nok

Kl 21

Brepub med Infidels
Brepub med Infidels på Jostedal Hotel, med gjester?
150nok


SØNDAG 17. JUNI:

Kl 09

Breturen du drøymer om.
Usedvanleg bretur med Tindevegleiar og Nigardsbre-veteran Steinar Bruheim fra Jostedalen Breførarlag. Turen går oppover brefallet til Nigardsbreen, mellom djupe bresprekkar og høge istårn.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 300nok

Kl 10

Familierafting på Jostedøla med Elvepurka
Aldersgrense 8 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 300nok

Kl 10

Barneaktivitetar
Opplevingar i blåisen på Nigardsbreen og grilling ved brevatnet
Aldersgrense 8 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 100nok

Kl 11

Med breen i tunet - kulturhistorisk vandring i Mjølversgrendi.
Kva kan kjende og ukjende kjelder seie oss om framrykkinga til breane på 16- og 1700-talet?
Ved Oddmund L. Hoel - styremedlem i Jostedal historielag og historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 100nok

Kl 14

Rafting
Raftingturen med Elvepurka held fram for dei tøffaste, eller du kan kome på turen her og rafte nedste del av Jostedøla, kanskje Noregs tøffaste rafting?
Aldersgrense 12 år.
Påmelding: post@brefestivalen.no 576 83 250
Pris: 550nok

 

 

 

 

  • DEL:

Norsk Brefestival 20©10