Laurdag 4. juni – Vangsen spesial, ”Åttetalsturen”. Vangsen frå ei heilt ny side med førar Bjørnar Bjørhusdal frå Fimbul Jostedal. Ein lang tur med fleire nedkøyringar som folk sjeldan køyrer.
Torsdag: "Ukjend perle på breen". Ver med Norgesguide Jostein Aasen til Storenosi heilt aust på Jostedalsbreen. Dette er ein lang tur som krev god form.
Fredag: "Krundalen rundt". Skitur med Steinar Bruheim frå Jostedal breførarlag rundt den fagraste u-dalen i verda.
Laurdag: "Vangsen spesial". Skitur med Bjørnar Bjørhusdal frå Fimbul Jostedal på Vangsen. Denne gongen frå ei heilt ny side.
Søndag: "Trugetur til Austdalsbreen". Trugetur med Andy Cullens frå IceTroll. Opplev eit område få har tilgang til på denne tida på årets.
"Blåis spesial" Gå opp brefallet på Nigardsbreen med mannen som kjenner han best, Steinar Bruheim frå Jostedal Breførarlag.